Lokalt selvhjelpsarbeid i Luster ber frukt

Sist oppdatert: 27 september 2019

I Luster har dei vist at det er mogleg å starte sjølvhjelpsgrupper også i på små plassar. Dei har vist at folk ønskjer å kome seg ut av isolasjon og treffe andre, dei ønskjer å jobbe for å få det betre.

Ein vakker augustdag i den vesle bygda Gaupne Luster, inst i Sognefjorden, sitter om lag 20 menneske rundt borda i kommunehuset sitt møterom. Kari Witzøe ved Selvhjelp Norge sitt distriktskontor er invitert til å halde foredrag om sjølvhjelpsgrupper. Men i Luster har dei allereie starta to sjølvhjelpsgrupper. I salen sitter mange deltakarar frå gruppene, og nokre som har tilrettelagd for og starta opp ei gruppe. Dei vil vite meir, og dei vil starte fleire grupper. Med slik allsidig erfaring  salen, vart dagen meir som ein dialog for læring enn eit foredrag, ja kanskje som ein tenketank for sjølvhjelpskunnskap.  

Selvhjelpsseminar i Luster
Luster er en kommune i Sogn og Fjordane med ca 1500 innbyggere.

Oppstart av grupper har ofte en ildsjel eller to

Luster tilsette Jonny Gjerde som erfaringskonsulent for nokre år sidan, i psykisk helseteam. Han hadde sjølv vore i behandling for sin alkohol-avhengigheit, og er open om sin situasjon og sin historie. I same periode starta han ei sjølvhjelpsgruppe etter 12-trinnsmodellen i anonyme alkoholikarar. Han ønskjer å vere ein rollemodell for andre og vise at betring er mogleg. Han vil gjere sjølvhjelpsgrupper som fellesskap betre kjent og brukt av fleire. Som erfaringskonsulent når han mange i det profesjonelle hjelpeapparatet, mange enkeltmenneske gjennom media i Sogn og Fjordane, og elles heime i bygda. Jonny taler varmt om korleis deltaking i fellesskapet hjelper han å halde seg edru. - Det er reseptfri behandling og kjem utan biverknader, seier han. - Vi er nøydde å snakke om følelser, både dei gode og dei vonde, i gruppa, seier han. Utan å gjere det, kjem vi ikkje vidare. Nye deltakarar brukar ofte litt tid på å kome dit. Eg trur, at det at eg har fortalt om sjølvhjelpsgruppa, eller fellesskapet mitt som eg kallar det, på oppdrag som erfaringskonsulent, har hatt innverknad på haldningar til sjølvhjelpsgrupper i hjelpeapparatet, ikkje minst hos fastlegane.

Kjerstin-Mari Carlsen, er sosionom og arbeidar ved NAV Luster. Under praksis i vidareutdanning i psykisk helsearbeid vart ho og Jonny einige om at dei ønskte å starta ei anna sjølvhjelpsgruppe. Kjerstin-Mari byrja å informere personar som levde med kronisk sjukdom. Det er snart to år sidan ho starta ei gruppe og dei møtast framleis. Kjerstin-Mari understrekar at det var viktig at ho hadde aksept frå leiar for å gå i gang, at ho hadde ein medspelar i Jonny undervegs, og at ho kjende til nokon som ville bli med i ei gruppe. Ho hadde og høve til å informere og rekruttere deltakarar i sitt arbeid.

Kva seier deltakarane om sjølvhjelpsgruppene?

Ein av deltakarane hadde lenge etterlyst det å treffe andre i liknande situasjon, men utan å vite kven andre i bygda som sleit med noko liknande. Ho lukkast ikkje med forsøk på å få offentlege instansar med på å kople dei saman. Så då Kjerstin-Mari tok det opp med henne, var ho klar. Ein av dei andre fortel at ho vart litt kald og varm om kvarandre, og måtte tenke litt då ho vart spurt. Ho var positiv til å delta, men likevel skeptisk, usikker på kva ansvar ho eventuelt ville få ved å delta. - Det har gått fint, seier ho. Vi har gode køyrereglar i gruppa, men eg ser at vi og kan supplere med dei rammer og prinsipp som Selvhjelp Norge formidlar. Nokre gonger må vi ta opp det som ikkje fungerer godt, og prinsippa er til dømes gode kommunikasjonsverktøy i slike situasjonar. - Dei er gode både for styring av gruppa, og hjelper oss å snakke meir om korleis vi opplever og tenkjer om det som skjer, framfor samtaler om kva som har skjedd reint praktisk sidan sist, seier ein.

Oppstarten

Den som sett i gong ei gruppe, må ha ei grunnforståing av kva sjølvhjelp handlar om, kunne formidle rammer og prinsipp, og vise korleis dei kan brukast. Det er og nyttig når vedkomande nytter eigne erfaringar som eksempel i dette. Kjerstin-Mari var med gruppa dei fyrste møta, og bidrog til at dei sette rammene for si gruppe. - Det at ho var personleg i si formidling, opna for at vi som deltakarar raskt torde å gjere det same, seier ein av deltakarane. - Slik fekk vi eit rom for å prate saman om det som var viktig for oss, og vi byrja raskt å bestemme ting i fellesskap, ta felles ansvar. Undervegs har vi prøvd oss fram både med å dele med kvarandre, ha fokus på bestemte tema og så vidare.               

Må deltakarane ha det same problemet?

Deltakarane meiner det er viktig at dei har felles problem, at det bidrar til tryggleik og forståing mellom deltakarane. Mange har erfart at dei må forsvare seg og sin situasjon, ettersom sjukdommen og det den fører med seg ikkje er synleg for andre. Det at andre kan stadfeste det du erfarer gjennom liknande opplevingar, at du ikkje treng å forklare, eller forsvare deg, er ein viktig del av fellesskapet, og viktig føresetnad for å ville delta, meiner dei fleste i rommet. Vi diskuterer dette temaet, og spørsmålet alle i rommet kan ta med seg heim, er: Tenk at du er i ein livssituasjon der eit problem varer ved, tek stor plass og får mange konsekvensar i din kvardag, psykisk, i relasjonar eller dine aktivitetar. Då er det innsikt i kva det gjer med deg og din situasjon, og korleis du kan bruke den til å gjere noko anna, få det betre, som er viktig å snakke med kvarandre om. Det i seg sjølv kan vere fellesnemnar i ei gruppe, og då treng ikkje problemet eller sjukdommen være den same. Likevel er det deltakarane sine ønskje som bestemmer kva gruppe ein startar.    

Sjølvhjelpsgrupper – også mogleg ute i distrikta

I Luster har dei vist at det er mogleg å starte sjølvhjelpsgrupper også i på små plassar. Dei har vist at folk ønskjer å kome seg ut av isolasjon og treffe andre, dei ønskjer å jobbe for å få det betre, handtere stigmatisering, sjølv om dei kan treffe på folk dei kjenner frå bygda. No har dei fleire som kan vere med å informere, og som kan hjelpe grupper igong i Luster eller andre stader i Sogn.

Psykiatrisk sjukepleiar i psykisk helseteam, Vivi Ann Abelsen, seier at dei ser verdien av å leggje til rette for sjølvhjelpsgrupper. - Menneske som har opplevd noko liknande kan støtte og hjelpe kvarandre, som likepersonar og på ein annan måte enn hjelpeapparatet. For å få det til, må ein ha ressurspersonar: nokon som er engasjert nok til å gjere arbeidet med å rekruttere og starte opp gruppa, slik vi var heldige å ha. No har vi både ressurspersonar og erfaring, og vi kan starte ny gruppe om nokon ønskjer det.

Sjølvhjelpsgrupper er basert på at deltakarane har eit behov og eit ønskje om å delta. Det er det deltakarane som må forme gruppa og innhaldet i fellesskap, gjennom prøving og feiling, og ved å bruke verktøy dei får ved oppstart.  

Dei som informerer, legg til rette for og startar grupper, må skaffe seg kunnskap og erfaring til å gjere dette, men må også la gruppene styre seg sjølv. Slik vert sjølvorganisert sjølvhjelp eit reelt supplement til offentleg velferd, og sjølvhjelpsgrupper ein arena der folk kan mobilisere sine ressursar i ein vanskeleg livssituasjon, saman med andre.

------------------------------

Mykje av det dei har gjort i Luster, har Nora Gotaas skrevet om i NIBR-rapport 2012:8. Les meir her.

Ønsker du samarbeid om oppstart av selvorganiserte selvhjelpsgrupper i din kommune? Kontakt ett av våre
distriktskontorer.

Del på sosiale medier
Facebook
Twitter
LinkedIn
Wordpress Social Share Plugin powered by Ultimatelysocial